Sist oppdatert

Å vere nettstudent i Zoom

Når du skal delta på nettsamlingar har du to val for å kome inn i klasserommet:

  1. Du kan få ei lenkje av faglæraren din. Då klikkar du på lenkja for å kome inn i klasserommet.
  2. Viss du ikkje har fått lenkje av faglærar går du inn i emnet på Canvas. I venstremargen skal det vere ein knapp som heiter Zoom.

Her vil du finne alle møter for emnet ditt. Du klikkar Join på den aktuelle dagen.

Du vil få spørsmål om å byte frå nettlesar til Zoom-appen, då trykkar Åpne Zoom Meetings.

Du vil få opp spørsmål om lyd, du trykkar her på Join with computer audio.

No kjem du rett inn i møtet.

Den som er vert (host) for møtet, gjerne faglærar, har på førehand bestemt om studentane skal ha tilgang på mikrofon og kamera. Viss faglærar ynskjer at de skal ha tilgang til mikrofon og kamera, vil du kome inn i møtet med mikrofon og kamera på. Det kan vere lurt å skru av mikrofonen viss du ikkje treng han.

Viss de skal kommunisere undervegs, kan de skrive i chatten. Der kan de skrive både til alle i rommet, og til einskilde personar.