Sist oppdatert

Eg skal vere deltakar i Zoomundervising

Du kan og vere deltakar og host i eit Zoommøte eller i Zoomundervising utan å lage rommet sjølv. Dette føreset at det er nokon (t.d. emneansvarleg) som allereie har laga rommet for deg. For å kome inn i møtet eller undervisingsrommet, må du fyrst finne ut om du skal gjere det via Canvas eller lenkje. Dette må du avklare med emneasvarleg/personen som har hovudansvar for undervisinga. Uavhengig om du skal bruke lenkje eller gå via Canvas, vil du trenge rettleiingane under. Sjå bort frå dei to fyrste viss du skal delta via lenkje.

Via Canvas

Viss du skal undervise i eit emne og har fått beskjed om å møte studentane via Canvas, klikkar du deg inn på det Canvasemnet det gjeld. Vidare klikkar du på Zoom i venstremargen.

Her vil du få opp alle komande møter. Du trykkar Join på møtet du skal delta på.

Klikk på Åpne i Zoom Meetings

Vel Join with computer audio.

Du er no inne i Zoomrommet. Her kan du styre lyd og bilete, samt dele skjermen din med studentane.

For å vise studentane presentasjonen din, klikkar du på Share Screen. Her vel du kva du vil dele med deltakarane.

Når du deler skjermen din vil du få opp denne verktøylina. Her kan du administrere t.d. polls, chat og breakout rooms.

Heit til høgre finn du knappen More, her kan du administrere andre sider ved undervisinga.