Førebuing før semesterstart

Du har fått beskjed om at du skal ha nettundervisning neste semester eller kanskje allereie dette semesteret og lurer på både kva det er og korleis du skal kome i gang. Vi har prøvd å samle gode tips og råd om kor det er lurt å starte, korleis undervisninga du skal gjere på nett kan planleggast og kven du kan kontakte dersom du har spørsmål eller bruk for hjelp.

Før du skal i gang med sjølve undervisninga, er det nokre førebuingar som må gjerast. Kontormaskina di må klargjerast, studentane må førebuast før studiestart og du vil trenge hjelp til dette. Du finn nærare informasjon om dette i lenkjene her eller i menyen oppe på sida:

Klargjering av kontorPC for Adobe Connect
Førebu studentar for Adobe Connect før studiestart
Støttefunksjon før og under undervisning i Adobe Connect

På HiSF.no har vi ei eiga side om Å vere nettstudent.

På den sida finn studentane informasjon om mellom anna Krav til programvare og utstyr, korleis dei skal Førebu maskina for Adobe Connect og tips og råd om korleis dei skal bli ein god nettstudent. Dersom du er ny som nettlærar, sjå gjerne gjennom sida sjølv, då det kan vere nyttig for deg.

Førebu studentar for AC før studiestart

Ved HiSF er fleire og fleire kurs reine nettkurs. I lærarutdanninga sine kurs blir då Adobe Connect nytta til synkron undervisning i disse nettbaserte kursa. På denne sida finn du dokument og informasjon som har vore nytta i arbeidet med å gjere studentane klare for undervisning i Adobe Connect. Sjølv om studentane får hjelp til den tekniske sida av Adobe Connect, er det likevel nokre ting du som faglærar bør gjere studentane merksame på i starten. Det skal vi også informere meir om under Førebuing til nettundervisning!

Tekst e-post til studentane om å ta i bruk Adobe Connect

På heimesida vår har vi ei eiga side om Å vere nettstudent.

På den sida finn studentane informasjon om mellom anna Krav til programvare og utstyr, korleis dei skal Førebu maskina for Adobe Connect og tips og råd om korleis dei skal bli ein god nettstudent. Dersom du er ny som nettlærar, sjå gjerne gjennom sida sjølv, då det kan vere nyttig for deg.

Logge på AC gjennom Feide

Som lærar skal du ha Host-tilgang i Adobe Connect (AC). For at du skal få nytte av dine rettigheiter som Host, må du logge deg på med Feide-pålogging. Under finn du ein kort film som viser korleis du gjer det.

Studentane våre får som regel tildelt grupperom i AC der dei sjølve er Host og kan arbeide saman. For at dei skal få alle rettigheiter, er det viktig at dei loggar seg på med Feide. Vi har som regel at alle skal logge seg på med Feide også når vi har undervisning. Det er sjølvsagt ikkje krise om dei loggar seg på som Guest ein og anna gongen. Det er greit å vite at dersom dei har logga seg på som gjest og vil prøve å logge seg på med Feide, “hugsar” maskina  pålogginga, iallefall nokre timar, og dei må starte maskina på nytt for å få logga seg på med Feide. Denne filmen kan også leggjast ut til studentane viss du vil minne dei på om korleis dei loggar seg på med Feide.

Her finn du eit dokument med rettleiing som kan leggjast ut til studentane:

Se opplæringspdf

Video

Klargjering av arbeidsmaskina for AC

Innstallering av Adobe Fix på maskina di

Før du kan bruke Adobe Connect på kontormaskina di ved HiSF, treng du AdobeConnectFix.

Dersom du ikkje finn logoen med tannhjul på skrivebordet ditt, send ei melding eller ein e-post til 7600it om at du treng AdobeConnectFix, så ordnar dei det fort. Du skal alltid opne Adobe-rom ved å gå gjennom fix-en, elles vil ikkje Adobe sitt programtillegg opne seg og du får ikkje full funksjonalitet.

Klargjering av maskin

Du kan få hjelp til å klargjere maskina for Adobe Connect.  Send ein e-post til david.parmentier@hisf.no der du skriv kor du har kontor, kva tid du skal ha nettundervisning første gong og ber om å få klargjort maskina di.

Dette gjer du i god tid, minst 3 veker, før du skal ha di første undervisning.
Det går også fint å gjere dette arbeidet sjølv, det er fort gjort og du kan følgje instruksane under.

Du finn instruksar både som film og som dokument. Filmen viser korleis du bruker Adobe Connect Add In. Ikkje alle finner denne i Help-menyen. Dersom du ikkje gjør det, finner du info i den skriftlege rettleiinga under om korleis du installerer Add In.

Klargjering av maskina for Adobe: PDF-fil
Klargjering av maskina for Adobe: Word-fil som kan redigerast

Video

Første nettsamling med AC

Når du skal ha første nettsamling, kan det vere lurt å ha ein kort gjennomgang av dei mest brukte funksjonane i Adobe Connect med studentane. Nedanfor finn du ein PP-presentasjon som kan brukast som utgangspunkt for gjennomgangen.

PP Kort intro om Adobe første nettundervisning

Hente fram deltakere og opptak

Nedanfor finn du eit opptak av eit Adobe-seminar om bruk av ulike Layouts i same rom, klargjering og opprydding av Adobe-rom og korleis hente fram deltakarliste og opptak undervisninga. I tillegg er det andre tips som kan vere nyttige å få med seg når det gjeld undervisning i Adobe Connect. Seminaret varer ca. ein time, du kan stoppe, spole tilbake eller framover dersom du ønsker det.

Layouts Deltakerliste Opptak og ymse andre tips om nettundervisning

Intro om AC for nye nettlærarar

Her finn du ein presentasjon du kan bruke som utgangspunkt viss du skal vise nye nettlærarar korleis Adobe Connect fungerer.

PP-presentasjon med kort innføring av Adobe for nye nettlærarar

Logge på Adobe på kontoret med AdobeConnectFix

Når du skal logge deg på Adobe Connect på arbeidsmaskina di, må du alltid logge inn via AdobeConnectFix-symbolet som du finn på skrivebordet ditt.
NB: Dette gjeld berre når du logger deg på stasjonær eller berbar kontormaskin og maskiner på klasserom, møterom og liknande i Sogndal eller Førde. Har du ei privat maskin, treng du ikkje nokon Fix.

Se pdf om pålogging via kontormaskin med AdobeFix

Tips til deltakarar i AC

Køyreregler for deltaking på nettundervisning

Før du skal ha første nettundervisning med studentane, kan det vere lurt å førebu dei litt på korleis dette føregår. Sjølv om vi har vore i kontakt med studentane på førehand for å sjekke at det tekniske fungerer, har vi ikkje hatt opplæring i korleis dei skal oppføre seg og kva dei kan forvente av nettundervisninga. Nedanfor finn du eit skriv som kan vere lurt å legge ut til dei nye studentane før du skal ha første nettundervisninga. Dokumentet er skrive på bokmål, men sidan det ligg her i Word-format, kan du gjere dei endringane du vil i dokumentet før du legg det ut til studentane!

Tips til studentar som skal delta på nettundervisning for første gong