Sist oppdatert

Å vere nettstudent

Ved Høgskulen på Vestlandet tilbyr vi ei rekke nettbaserte studium. I nokre av desse går all undervisning føre seg på nett. Andre studium kombinerer nettsamlingar og samlingar på Campus. Nettstudium er ei fleksibel utdanningsform, fordi du som student har stor grad av valfridom når det gjeld kvar, kva tid og korleis læringsaktivitetar blir gjennomført. Dette gjer det mogeleg å kombinere utdanning med jobb og familie. Nettstudium har det same faglege innhaldet som studium på campus.

Enten du deltek på eit reint nettstudium eller eit studium som kombinerer fysiske samlingar og nettsamlingar, så vil din faglærer legge opp til undervisningsformer som kombinerer bruk av ulike digitale verktøy og nettundervisning.  Ved HVL brukar vi læringsplattformen Canvas og det nettbaserte konferanseverktøyet Adobe Connect eller Zoom. Gjennom desse verktøya får du tilgang til undervisningsmateriale og til å delta i nettsamlingar.  Det vert også lagt til rette for at du kan ha jamnleg kommunikasjon med lærarar og medstudentar.

Meir om undervisingsformer
Samarbeid på nett

Vi skil mellom synkron og asynkron nettundervisnining. Ved synkron nettundervisning, må du møte til undervisning til angitt tid, men kan sjølv velje kvar du vil følgje undervisninga frå. Ved asynkron undervisning kan du velje både tid og stad for gjennomføring av undervisninga.

Synkron nettundervisning – Nettsamlingar

Å studere på nett stiller dei same krava til gode studievanar som ordinære campusstudium. Det er lurt å etablere gode studievanar så raskt som mogleg. Ta med deg desse tipsa:

  • Sett av tid til sjølvstudium! Studerer du fulltid, bør studiearbeidet minimum tilsvare ei ordinær arbeidsveke.
  • Begynn å lese pensum med ein gang, og ver førebudd til samlingane.
  • Delta på all undervisning.
  • Ver aktiv i undervisninga og still spørsmål.
  • Finn deg gode studiekameratar og delta aktivt i kollokviegrupper.
  • Bruk læringsressursane som blir gjort tilgjengeleg.

Mediefiler i Canvas

Kaltura i Canvas – Løysing “3rd party session cookies”-feilmelding i Chrome (YouTube)
Podcast – Korleis laste opp ei lydfil i Canvas (YouTube)