Sist oppdatert

Samarbeid på nett

Nettstudium ved HVL kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, og at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.

Samarbeid i klassen

Du kan samarbeide med medstudentane i klassen din på ulike måtar. Du kan være aktiv under nettsamlingane, og dele tankar, idear og meiningar ved å ta ordet eller ved å skrive i chattefeltet. Etter samlinga kan de halde fram meiningsutvekslinga i diskusjonsforum i Canvas. Faglærarane kan opprette diskusjonstrådar innanfor utvalde tema, men du kan også starte diskusjonar sjølv, om valfrie faglege problemstillingar.

Avhengig av kva for studium du går på, kan du få eitt eller fleire arbeidskrav som krev at du skal vurdere medstudentar. Du vil også sjølv få vurdering av arbeidet ditt frå medstudentar. Det er viktig at du gir konstruktive og tydelege tilbakemeldingar når du gir vurdering til medstudentar, slik at vurderinga kan hjelpe dei til å forbetre arbeidet sitt.

Samarbeid i studiegruppa

Dei fleste av våre nettstudentar blir tildelt ei studiegruppe. I studiegruppa kan de repetere pensum, diskutere faglege problemstillingar og samarbeide om oppgåver.

I løpet av studiet vil gruppa bli bedne om å levere felles svar på arbeidskrav. Det er faglærar som avgjer kva for format svaret må ha for å bli godkjent. Faglærar  kan til dømes be om å få svaret levert som video, lydfil eller tekstfil. Ofte vil faglærar krevje at gruppa skal levere eit skriftleg svar. Då anbefaler vi at de skriv teksten i eit samskrivingsdokument i Office 365. Her kan alle gruppemedlem redigere i same dokument på same tid. Som student ved Høgskulen på Vestlandet får du laste ned, installere og bruke Office 365 kostnadsfritt.

Kvar studiegruppe får eit eige virtuelt grupperom i Adobe Connect. Her kan de møtast når det passar for dykk som er medlem av gruppa, og møta kan vere så hyppige og så langvarige som de sjølve ynskjer. I grupperommet kan de samtale, chatte og skrive notat. De kan også dele skjerm med kvarandre, og de kan laste opp og presentere innhald frå powerpoint- og pdf-filer. (NB: Dersom du har Chromebook, eller av andre grunnar har opna Adobe Connect i nettlesaren i staden for i Appen, kan du ikkje laste opp powerpointfiler. Det går likevel fint å dele pdf-filer.) Vi anbefaler at de avtaler faste møtetidspunkt i nettgrupperommet.

Gruppa får også eit eige grupperom i Canvas. Her kan de kommunisere skriftleg i diskusjonsforum, og de har ein felles lagringsplass for gruppa sine dokument. De kan også lage eigne sider. Slike sider kan de til dømes bruke til å lage felles oppsummering frå undervising eller samandrag frå pensum.  Dessutan kan gruppa opprette samskrivingsdokument direkte frå grupperommet i Canvas.

Råd for å oppnå godt samarbeid

Å etablere godt samarbeid i studiegruppa handlar om å bli kjende med kvarandre og dei oppgåvene som pregar den enkelte sin kvardag. Kunnskap om arbeids- og livssituasjonen til dei andre i gruppa, kan gje større romslegheit når saker og ting av ein eller anna grunn ikkje går heilt som de har planlagt.

Her følgjer nokre råd for å oppnå godt samarbeid:

  • Gå inn i samarbeidet med tillit til at resultatet vil bli betre enn om du hadde gjort jobben åleine. Ha tru på at kunnskap og erfaringer frå fleire hald gjer samarbeidet rikare.
  • Ver medviten om di eiga rolle og veremåten din. Lytt aktivt, grunngjev standpunkta dine og forklar din måte å tenke på.
  • Ver medviten om dine eigne sterke (og svake) sider
  • Vis vilje til teamarbeid og vilje til å kommunisere på ein slik måte at det fremjer samarbeidet.
  • Det er viktig at kvar enkelt kjenner at dei har noko å bidra med i samarbeidet. Ha tru på at alle har sterke sider og at dei gjer så godt dei kan.
  • Ver til å stole på: hald avtalar og gjer det arbeidet du har tatt på deg.
  • Ha respekt for andre sine grenser, eigenart, tid og avgjerdsler.
  • Ver opne og snakk saman om korleis de vil løyse ueinigheiter Sjekk kvarandre sine antakelsar og kva de bygger slutningar på for å unngå fastlåste konflikter. Å stoppe opp og prate om korleis samarbeidet fungerer, vil gjere det mogeleg å løyse problem før dei utviklar seg til konfliktar.