Sist oppdatert

Synkron undervising – nettsamlingar

Ved synkron nettundervisning skal du møte til undervisning i eit virtuelt klasserom til angitt tid. Vi seier at vi har nettsamlingar. Ved Høgskulen på Vestlandet brukar vi konferanseverktøya Adobe Connect  og Zoom til slike møter på nett. Her kan du sjå og kommunisere med faglærar og medstudentar i sanntid. Både Zoom og Adobe Connect er kostnadsfritt å bruke for deg som student.

Dersom du er ny deltakar i nettsamlingar, må du sjå til at ditt tekniske utstyr innfrir våre krav. Viss du skal delta i nettundervising, må du klargjere datamaskina di for bruk, uavhengig om undervisinga går føre seg i Adobe Connect eller Zoom. Dette bør du gjere i god tid før første undervising.

Dette må du ordne i god tid før første nettsamling
Å vere nettstudent i Zoomundervising
Aktiv deltaking i nettsamlingar