Sist oppdatert

Aktiv deltaking i nettsamlingar

Vi oppfordrar deg til å delta aktivt i nettsamlingane. Du kan kommunisere og samhandle med faglærar og medstudentar på ulike måtar. Av og til kan faglærar av ulike grunnar velje å avgrense dine rettar. Det er difor ikkje sikkert at du har tilgang til riktig alle kommunikasjonsmetodane under.

Vis at du er til stades

Det gjer du best ved å la det vise tydeleg kva tid du ikkje er til stades. Når du har logga inn i nettklasserommet, dukkar namnet ditt opp i deltakarlista. Då kan vi sjå at du er til stades. Vi anbefaler at du forblir innlogga i nettrommet heilt til undervisningsøkta er over. Trykk på  “Step Away” dersom du forlet skjermen i pausar eller før undervisningsstart. Trykk på ikonet på nytt (“Step In”) når du kjem tilbake. På denne måten kan faglærar sjå kva tid du og resten av klassen er tilstades i rommet, og du kan kanskje unngå å gå glipp av viktig informasjon.

Dersom faglærar legg opp til det, skal du slå på ditt kamera. Pass difor på å ha så gode lysforhold som mogeleg, slik at vi kan sjå ansiktet ditt. Unngå å sitte med ryggen til vindauge eller andre sterke lyskjelder.

Chat

Du kan kommunisere med faglærar og medstudentar ved å bruke chat. Her kan du stille spørsmål, svare på spørsmål eller kommentere det som blir sagt i nettrommet. Hald deg til ting som angår faget. Dette er ikkje staden for å avtale kaffeslabberas eller neste møte med studiegruppa. Dersom du vil gi ein beskjed til ein medstudent eller faglærar, kan du sende melding direkte til vedkommande ved å føre peikaren over namnet til den du vil kontakte, og deretter klikke på “Start Private Chat”. Obs: skriv ikkje utleverande om korkje lærarar eller medstudentar i chatten. Det er fort gjort å tro du er inne i Privat Chat, men plutselig kan meldinga ligge i Everyone-chatten.

Ver merksam på at lærarane du møter har ulik erfaring med Adobe Connect. Det er ikkje sikkert at ein lærar i føredragsmodus ser alt du skriv i Chatten med ein gong. Nokre vil kanskje be om at de ikkje skriv i chatten før på gitte tider. Følg lærarens anvisning, men dersom det er naudsynt, t.d. at læraren har gløymt å slå på mikrofon etter pause, skriv ein beskjed likevel!

Ta ordet

Dersom faglærar legg til rette for det, kan du ta ordet i nettklasserommet. Å snakke i munnen på kvarandre fungerer like dårleg på nett som i ein vanleg undervisningssituasjon. Rekk difor opp handa når du vil seie noko. Det kan du gjere ved å trykke på  “Raise hand” i menyen øverst i Adobe-rommet. Når faglærar gir deg ordet, kan du slå på mikrofonen ved å klikke på mikrofonsymbolet i menyen øverst på sida. Når du slår på mikrofonen, får symbolet grønn farge og ser slik ut: Klikk på mikrofonsymbolet for å slå av mikrofonen når du har gitt ordet frå deg att. Dersom du ikkje kan finne mikrofonsymbolet i menyen øverst på sida, har faglærar ikkje gitt deg tilgang til å bruke mikrofon.

For at alle skal få ei god oppleving av lyden når din mikrofon er slått på, er det viktig at du begrensar bakgrunnsstøyen der du oppheld deg. Slå av lyden på mobil, radio og fjernsyn. Husk også å bruke headset med mikrofon.

Bruk emojies

I Adobe Connect har du tilgang til nokre få emojies, som du kan legge til statusen din. Desse kan du bruke aktivt i din kommunikasjon med faglærar og medstudentar. Når du klikker på ein emoji, vil den legge seg inn til høgre for namnet ditt i deltakarlista.

Dersom du synest at lyden er for sterk eller for svak, skal du først prøve å regulere volumet på din eigen høgtalar. Dersom dette ikkje gjev tilfredsstillande lyd, kan du bruke emojies for å be faglærar justere volumet på sin mikrofon. (Dersom det er fleire som vekslar på å snakke, og det er ein person som skil seg ut med høg eller låg lyd, er det kanskje bedre å skrive i chattefeltet. Då kan du presisere kven det gjeld.)

Dei fire øvste emojiane kan du fjerne ved å klikke på emojien på nytt. Resten vil automatisk forsvinne frå statusen etter nokre sekund. Du kan også klikke på “Clear Status” for å fjerne emojien frå statusen din.

Merk også her at ein faglærar i forelesningsmodus kanskje ikkje ser din status med det same. Ha forståing for at det er mykje for faglærar å følgje med på. Dersom det går lang tid, kan du legge inn ei påminning i chattefeltet.

Delta i spørjeundersøkingar (Polls)

Din faglærar kan stille klassen spørsmål via små spørjeundersøkingar (Polls) i Adobe Connect. Svara du gjev her, er anonyme. Etter at de har svara, kan faglærar vise fram resultatet for klassen.

Bruk eksterne program

Din faglærar kan be deg delta i undervisningsaktivitetar i program som ikkje er knytt til Canvas eller nettklasserommet. Det kan være program som padlet, kahoot, serveyXact og anna.

Delta i gruppearbeid

Undervegs i undervisningsøkta, kan faglærar be dykk om å diskutere saker eller løyse oppgåver i grupper. Av og til vil faglærar bruke dei vanlege studiegruppene, andre gonger kan han setje saman nye grupper. Ditt bidrag er viktig, og det til stor ulempe for dine medstudentar dersom du ikkje er til stades. Husk difor alltid å sette statusen “Step Away” dersom du må forlate skjermen under undervisningsøkta. Då kan faglærar unngå å lage grupper med for få gruppemedlem.

Presenter noko

Nokre gonger kan faglærar be deg om å halde ein presentasjon (i powerpont) med eit bestemt innhald. Presentasjonen kan til dømes dreie seg om løysingsforslag, oppsummering frå gruppearbeid eller erfaringar frå praksis. Dette vil være avtalt på førehand, slik at du får anledning til å førebu presentasjonen, enten åleine eller saman med gruppa,