Sist oppdatert

Å undervise på nett

Har du spørsmål knytt til nettundervising og alternativ til klasseromsundervising, ta kontakt med Hjelpelinja. Her får du fortløpande svar på spørsmåla dine.

Hjelpelinja – den sikraste og raskaste måten å få hjelp på

Høgskulen på Vestlandet har fått nye retningslinjer 2. april 2020 for strøyming og opptak av digital undervising.

Retningslinjer for strøyming og opptak av digital undervising ved HVL

Ved Høgskulen på Vestlandet tilbyr vi ei rekke nettbaserte studium. I nokre av desse går all undervisning føre seg på nett. Andre studium kombinerer nettsamlingar og samlingar på Campus. Nettstudium er ei fleksibel utdanningsform, fordi studentane har stor grad av valfridom når det gjeld kvar, kva tid og korleis læringsaktivitetar blir gjennomført. Også du som er tilsett, kan i stor grad velje kvar og kva tid du skal gjennomføre undervisinga.

Som undervisar i eit nettstudium har du store mogelegheiter for å variere undervisninga. Du kan legge til rette for mange ulike arbeidsmetodar, og du kan gje studentane tilgang til varierte læringsressursar i ulike medium. Nettundervisning gir også ein unik sjanse til å arbeide og lære i nettverk, og utvikle kunnskap i samspel med andre (Fleksibel Utdanning Norge, 2017).

Vi skil mellom synkron og asynkron nettundervisnining. Ved synkron nettundervisning, må studentane møte til undervisning til angitt tid, men kan sjølv velje kvar i verda dei vil følgje undervisninga frå. Ved asynkron undervisning kan studentane velje både tid og stad for gjennomføring av undervisninga.

Synkron nettundervisning – Nettsamlingar – i Adobe Connect
Synkron nettundervisning – Nettsamlingar – i Zoom
Asynkron nettundervisning – Ressursforelesingar

Fleire av forskings- og utviklingsprosjekta ved Høgskulen på Vestlandet er knytte til nettundervisning. Vi har som mål å samle informasjon om desse på denne nettstaden. Andre institusjonar har også utvikla læringsteoriar og rettleiingar knytt til nettundervisning. Vi presenterer eit lite utval, og anbefaler at du set av tid til å studere desse. Ta også ein kikk på vår lenkesamling til andre nyttige nettsider.

Forskings- og utviklingsprosjekt knytt til nettundervising ved HVL
Modellar og rettleiingar frå andre institusjonar
Andre nyttige nettsider