Sist oppdatert

Asynkron nettundervisning – ressursar 

Omgrepet asynkron nettundervisning kan omfatte alt frå små videosnuttar til massive opne online-kurs (MOOC).  På denne nettsida skal vi derimot avgrense tematikken til det vi kallar ressursforelesingar.

Fleire av Høgskulen på Vestlandet sine nettbaserte kurs vekslar mellom nettsamlingar og ressursforelesingar. Ei ressursforelesing er ei undervisningsøkt som kan bestå av ulike videosnuttar, lydopptak/podcast, tekstar, individuelle oppgåver, quizar og diskusjonsforum. Ei slik forelesing kan du lage ferdig lang tid før den skal publiserast. Denne undervisningsforma er difor nesten like fleksibel for deg som underviser, som for studentane. Vi publiserer ressursforelesinga på læringsplattformen Canvas.

Som i all anna undervisning er det også gunstig med variasjon i ressursforelesinga. Prøv difor å veksle mellom ulike presentasjonsformer og aktivitetar. Dersom du har mykje fagstoff som du ønsker å presentere i video-format, kan det vere lurt å lage fleire korte videosnuttar i staden for ein lang. Legg gjerne inn enkle aktivitetar mellom videosnuttane.

Studentane kan sjølv velje kvar og kva tid dei skal gjennomføre ressursforelesinga. Det er likevel vanleg å kreve/forvente at studentane skal gjennomføre den innan neste nettsamling. Prøv å lage ressursforelesinga slik at forventa arbeidsmengde er omtrent lik varigheita av ei nettsamling.

Det fins mange gode program som du kan bruke når du skal lage videoar, lydfiler og oppgåver til dine ressursforelesingar. Sjå tips her. 

Skjermopptak og deling av mediefiler

Videoplattforma Kaltura er HVL sitt verktøy for å ta skjermopptak og dele video- og lydfiler i Canvas. På denne sida har me samla ressursar om korleis du kan bruke Kaltura på ein best mogleg måte.

Ta skjermopptak eller dele video- eller lydfil i videoplattforma Kaltura

Det går òg an å ta skjermopptak frå PowerPoint. Denne fine brukarrettleiinga viser korleis du gjer det.

Skjermopptak frå PowerPoint

Opptak av webinar ved HVL

Erfaringsdeling om aktiv læring på nett, opptak frå webinar ved HVL 21. april 2020.

Aktiv læring på nett – v/Katrine Aasekjær og Ivar Rosenberg

Eksamen

Erfaringsdeling om digital munnleg eksamen, opptak frå webinar ved FLKI 1. april 2020.

Moglegheiter ved munnleg eksamen v/Britt Iren Nordeide
Munnleg eksamen – erfaringsdeling matematikk v/Lene Hayden Taraldsen
Munnleg eksamen – erfaringsdeling norsk v/Kirsti Lunde

Gode råd ved bruk av video i undervising

Her har me samla nokre ressursar frå Medielab som gir råd til deg som skal bruke video i undervising.

Hvordan forbedre bildekvalitet i videoopptak
Videoopptak med mobil – forberedelser og gjennomføring
Create Custom Virtual Backgrounds for Your Zoom presentation
Use Google Advanced Image Search to find Usable Images
How (and Why) to Use a Two-Column Script (for Video Productions)
MOOC video planning and organization tool