Sist oppdatert

Synkron nettundervising – nettsamlingar – i Zoom

Ved synkron nettundervisning vil studentane møte til undervisning i eit virtuelt klasserom til angitt tid. Vi seier at vi har nettsamlingar. Zoom er det nye konferanseverktøyet ved HVL. Frå hausten 2020 skal alle nytte Zoom i undervising, Adobe Connect vert fasa ut våren 2020.

For å nytte Zoom er det lurt å ha Zoom- appen. Den vert lasta ned automatisk til alle HVL-brukarar. Søk opp Zoom i søkefeltet på maskina di, eller gå inn på programvaresenteret. Du må logge inn via SSO fyrste gong du brukar Zoom, du vil då vere logga inn med Feidekontoen din. Når du trykker på SSO legg inn HVL framfor .zoom.us og trykk continue. Då skal du få opp den kjende feide-påloggingssida som du er van med. Logg deg så inn med feidebrukar og feidepassord for HVL.

Vel din rolle som Zoom-brukar under for å få vidare rettleiing.

Eg skal ha undervisning i Zoom via Canvas
Eg skal vere deltakar på eit Zoom-møte eller i Zoom-undervising
Eg skal kalle inn til eit Zoom-møte
Eg skal kalle inn til eit Zoom-møte for gjesteforelesar

I denne videoen får du ein fin gjennomgang av verktøyet Zoom. Legg merke til menyen oppe i venstre hjørne, her kan du gå direkte til ulike tema i videoen.

Kom i gang med Zoom (video)

Me har samla spørsmål som ofte blir stilt på webinar og til hjelpelinja.

Ofte stilte spørsmål om Zoom
Zoom – Hvordan opprette og bruke breakout rooms i Zoom
Zoom – Hvordan finne ut hva slags versjon av Zoom du har
Zoom – Hvordan oppdatere Zoom-appen

Personvern

Omstilling frå campusbasert undervising til nettbasert undervising fører til mange spørsmål om GDPR og personvern i videoundervising. Unit har laga ei juridisk vurdering av personvern i videoundervising.

Videoundervising og personvern (Unit)
Zoom: Fakta om GDPR og personvern (Uninett)
Uninetts  Zoom-tjeneste er trygg!  (Uninett)

Zoom sine eigne ressursar

Need Quick Info on How to Zoom?
Zoom Video Tutorials
How to Keep the Party Crashers from Crashing Your Zoom Event

Uninett og Zoom

Uninett opplever som følge av Korona-pandemien stort trykk på tenesta for nettbasert undervisning og videomøter, Zoom. Her har Uninett samla sine eigne brukarrettleiingar, og ulike tips og triks frå sektoren om korleis bruke Zoom.

Uninett har òg oppretta ei gruppe på Facebook for deling av tips og triks om korleis bruke Zoom.

Uninett si temaside om bruk av Zoom
Uninett si Facebookside om bruk av Zoom

USN sine ressursar

HVL jobbar med å utarbeida meir ressursar på denne sida, inntil vidare anbefalar me at de ser på desse sidene som USN har laga

Zoom 1-2-3
Ofte stilte spørsmål om Zoom