Sist oppdatert

Modellar og rettleiingar frå andre institusjonar

Professor Gilly Salmon har vore nyskapande i læringsteori i meir enn 30 år, og er ein av verdens ledande tenkarar innan digital- og blanda læring.  Ho forskar og publiserer breidt innanfor felta innovasjon og endring i høgare utdanning, og implementering av ny teknologi for å oppnå læring.

Salmon har utvikla 5-stegs-modellen. Dette er eit rammeverk som skal sikre god struktur og framdrift i nettundervisninga.

The Five Stage Model

Nordplus sitt webinar-prosjet “Webinar – for interactive and collaborative learning” var eit nordisk samarbeidsprosjekt som starta opp i 2014. Deltakarane i prosjektet kom frå ulike universitet og læringsinstitusjonar, og den norske representanten i prosjektet var Torhild Slåtto frå Fleksibel utdanning Norge.

Prosjekte dreide seg om korleis ein kan lage online events som fostrar læring, interaksjon, samarbeid og bygging av nettverk. Sluttproduktet frå prosjektet var ei verktøykasse for effektive og interaktive webinar.

Toolkit for effective and interactive webinars

Fleksibel utdanning Norge (FuN) er ein medlemsorganisasjon for verksemder og enkeltpersonar som jobbar med digitale og fleksible læringsformer. Kjerneidéen til FuN er å være ein truverdig og aktiv pådrivar for utvikling, kunnskapsdeling og erfaringsutveksling innanfor fleksible og digitale læringsformer.

I 2017 publiserte Fleksibel utdanning Norge følgjande rettleiing.

Kvalitet i nettundervisning – en veileder