Sist oppdatert

Synkron nettundervisning – nettsamlingar – i Adobe Connect

Ved synkron nettundervisning vil studentane møte til undervisning i eit virtuelt klasserom til angitt tid. Vi seier at vi har nettsamlingar. Ved Høgskulen på Vestlandet brukar vi fram til hausten 2020 konferanseverktøyet Adobe Connect til slike møter på nett. Her kan du sjå og kommunisere med studentane dine i sann tid, du kan presentere faget ditt ved hjelp av ulike medium, og du kan aktivisere studentane på ymse vis.

Det er viktig at alle som skal delta i ei nettsamling, har dei tekniske og praktiske føresetnadane på plass. Det handlar om utstyr, programvare, innstillingar og tilgang til nettrom. Dersom du og/eller studentane dine er nye i Adobe Connect, må du difor bruke litt tid på dette:

Dette må du ordne i god tid før første nettsamling

Når du skal til med nettundervising er vala mange, og du som underviser må tenkje godt gjennom korleis nettundervisninga skal vere. Her vil du finne tips som kan vere lurt å undersøkje før du går i gang med ei nettsamling. Du finn tips til korleis du kan bli kjent med studentane, og ulike verktøy du kan nytte når du planlegg ei økt.

Planlegg nettundervising

Her vil du finne informasjon om korleis du gjer opptak av ei økt, tips til måtar du kan starte ei økt på og korleis du kan la studentane introdusere seg sjølv.

Gjennomføring av nettundervising

På denne sida finn du informasjon om kva du gjer etter ei nettsamling, som å rydde nettklasserommet og finne fram til opptaket frå samlinga.

Etterarbeid

Omstilling frå campusbasert undervising til nettbasert undervising fører til mange spørsmål om GDPR og personvern i videoundervising. Unit har laga ei juridisk vurdering av personvern i videoundervising.

Videoundervising og personvern (UNIT)