Sist oppdatert

Etter nettsamlinga

Etter at nettsamlinga er over, ventar eit par praktiske oppgåver:

Når du er ferdig med ei nettsamling, bør du rydde nettklasserommet. Dette gjeld særskilt dersom nokon andre skal bruke rommet etter deg. Du kan rydde nettrommet på denne måten:

Tøm chattefeltet
Trykk på nedtrekksmenyen oppe i høgre hjørne, og deretter “Clear Chat” (figur 1).

Avslutt vising av presentasjon/delt skjerm

  • Delt skjerm: Trykk på nedtrekksmenyen oppe i høgre hjørne, og deretter “Stop Sharing”.
  • Delt Dokument (presentasjon) eller Whiteboard: Som over, eller Trykk på “Stop Sharing” til venstre for nedtrekksmenyen (figur 2).

Avslutt, tøm og/eller skjul spørjeundersøkingar
Trykk på nedtrekksmenyen oppe i høgre hjørne. Deretter:

  • trykk på “End poll” dersom du vil avslutte spørrjeundersøkinga, og hindre nye svar (figur 3).
  • trykk på “Clear all answers” for å fjerne alle svar. NB: Dersom du ynskjer å ta vare på resultatet, kan du ta eit skjermbilete før du fjernar svara.
  • trykk på “Hide” for å skjule spørjeundersøkinga. Du kan hente den fram igjen ved å velge Pods – Poll og deretter velge den aktuelle spørjeundersøkinga.

Figur 1: Tøm chattefeltet

Figur 2: Avslutt vising av presentasjon

Figur 3: Avslutt spørjeundersøkinga – ingen nye svar kan leggast til.

Sidan Adobe Connect er integrert i Canvas, vil alle som har tilgang til eit spesifikt nettrom, også ha tilgang til alle opptak som er gjort i dette nettrommet. Det vil sei at studentane klikke seg inn til nettrom i Canvas for å sjå på dei opptaka som er gjort. Det kan likevel være hensiktsmessig å legge slike opptak inn som element i modular. Dette vil gjere opptaket lettare tilgjengeleg for studentane, og framheve at du legg vekt på innhaldet i dei aktuelle opptaka.

Dersom du vil legge eit opptak inn som element i ein modul, kan du gå fram slik:

  1. Gå inn i det aktuelle emnet i Canvas og velg Adobe Connect i navigasjonsmenyen.
  2. Finn nettrommet der du har gjort opptaket, og trykk på “Recordings” under tittelen til dette nettrommet. Du vil no få opp ei liste over alle opptaka som er gjort.
  3. Finn det aktuelle opptaket, vel “Actons” og “Share”.
  4. La “Accsess Type” stå som Private. Då vil alle som har tilgang til nettrommet via Canvas, også ha tilgang til opptaket. Opptaket kan imidlertid ikkje delast med andre. På denne måten sikrar vi personvernet til deltakarane i nettsamlinga.
  5. Marker URL’en til opptaket, og tast Ctrl+C for å kopiere den.
  6. Vel “Save” dersom du har gjort endringar du vil lagre. Elles, vel “Cancel”
  7. Vel “Moduler” i navigasjonsmenyen, finn ein modul som du vil legge opptaket i, og trykk på pluss-teiknet til høgre for Modul-overskrifta for å legge eit element til modulen.
  8. Vel å legge til “Ekstern URL”, og lim inn URL’en frå opptaket, der det står “URL-adresse”.
  9. I feltet “Sidenamn”, kan du gje URL’en eit beskrivande namn.
  10. Avslutt ved å trykke på “Legg til Element”