Sist oppdatert

Planlegg nettundervising

Før du går i gang med nettundervising er det eit par ting det kan vere lurt å tenkje over og vere merksam på, t.d. korleis ein kan bli kjent med studentane over nett og korleis ein best mogleg planlegg ei økt på nett.

Bli kjent med nettstudentane
Planlegg ei nettundervisingsøkt

Dette kan vere lurt å sjekke før du går i gang med fyrste samling:

  • Lysforhold i rommet: Det kan vere lurt å sjekke lysforhold i rommet du skal ha undervisinga i. Pass på at du har rett lyssetting, så ikkje bilete av deg vert mørkt under samlinga.
  • Bakgrunn: Ha gjerne ein roleg bakgrunn bak deg. Det kan virke forstyrrende for studentane om det heng bandplakatar eller posterar bak deg mens du underviser. Du ynskjer at fokuset skal vere på deg sjølv og på den faglege presentasjonen.
  • Lyd: Ta ein sjekk gjennom Audio Setup Wizard før du set i gang. Sjølv om du har gjort det tidligerare, tilrår vi at du gjer det før kvar undervisingsøkt. Dersom du nyttar ei anna maskin eller har kopla maskina til og frå, kan settingane dine verte tilbakestilt. Sjekk difor heller ein gong for mykje enn for lite.