Sist oppdatert

I god tid før første nettsamling i Adobe Connect

Nokre vesentlege brikker må være på plass før første nettsamling kan starte. Dersom du er timelærar, eller startar din undervisningsblokk etter at studentane har kome i gang med nettsamlingar, vil mykje av dette alt vere ordna. Du må likevel sjekke at du sjølv har det utstyret som du treng, og eventuelt skaffe det du manglar. Du må også klargjere datamaskina di for bruk i Adobe Connect.

Krav til utstyr
Klargjer datamaskina – første i gang i Adobe Connect
Pålogging

Dersom du skal gjennomføre den aller første nettsamlinga i eit spesifikt emne, må du passe på at det vert oppretta eit nettklasserom i Adobe Connect, som de kan ha nettsamlinga i. Du må også passe på at alle studentane som skal delta, faktisk får tilgang til klasserommet.

Du kan også opprette grupperom og møterom.

Opprette rom i Adobe Connect

Dersom studentane dine er nye i Adobe Connect, må du sørge for at dei også får den informasjonen dei treng for å kunne klargjere sine maskiner. Dette er svært viktig, då det er avgjerande for opplevinga av nettundervisninga at det tekniske fungerer godt. Studentane må også få klar informasjon om kvar og korleis dei kan logge seg inn i nettklasserommet.

Informasjon til studentane