Sist oppdatert

Klargjer datamaskina – første gong i Adobe Connect

Når du har fått på plass alt naudsynt utstyr, kan du sette i gang med å klargjere datamaskina for bruk i Adobe Connect. Det er tilstrekkeleg å gjere denne prosedyren ein enkelt gong. Dersom du skal bruke ei maskin som er klargjort tidlegare, kan du altså hoppe over punkt 1 og 2. Dersom du sjølv ikkje har brukt maskina før, bør du likevel sjekke at alt fungerer som det skal, som i punkt 3.

Dersom du seinare skal ta i bruk ei ny datamaskin – som enno ikkje har vore brukt i Adobe Connect – må du også klargjere den nye maskina.

Start med å laste ned og installere Adobe Connect application. Denne appen finn du i programvaresenteret.

Steg for steg:

  1. Gå til start-menyen, og vel Microsoft System Center – Programvaresenter
  2. I programvaresenteret: søk etter Adobe Connect
  3. Trykk installer

Dersom du ikkje finn Adobe Connect i programvaresenteret, kan du velge Windows – Innstillinger – Apper og funkjoner. Då får du opp ei liste over dine appar. Dersom du finn Adobe Connect her, har du alt installert denne appen.

Neste steg er å sette rette innstillingar i Adobe Connect. Desse innstillingane er knytt til datamaskina, og ikkje til din brukarkonto. Det betyr at når ein person har valt innstillingar i Adobe Connect med ei bestemt datamaskin, så vil desse innstillingane gjelde for alle som loggar inn i Adoberom frå denne maskina.

For å sette rette innstillingar, må du først logge inn i eit nettrom i Adobe Connect. Du kan logge inn i eit nettrom som ligg i eitt av dine emne, eller du kan logge inn som gjest i test-nettrommet under. Vær merksam på at nettrom ikkje er private. Dersom du har slått på mikrofon og/eller kamera, kan andre deltakarar i rommet sjå og/eller høyre deg.

› Klikk her for å logge inn i test-nettrom 

Når du er inne i nettrommet, kan du sette rette innstillingar slik:

Dårleg lyd- og bildekvalitet ved ditt eige utstyr kan forstyrre studentane si oppleving av undervisningssituasjonen, og svekke utbyttet av undervisninga. Du må difor teste lyd og bilete for å forsikre deg om at det tekniske fungerer godt.

Start med å gå til menyen i adobe Connect og velge “Meeting – Audio setup wizard”. Der kan du velge rett mikrofon og høgtalar, samt teste og justere lyden.

Det kan være vanskeleg å oppdage dårleg lydkvalitet i mikrofon og høgtalar når du er einaste deltakar i eit rom. Dette gjeld særleg problem med ekko. Vi anbefalar difor at du – etter at du har køyrt Audio Setup Wizard og retta opp i evt problem – avtalar eit nettmøte med ein kollega som er kjent i Adobe Connect, slik at du også får sjekka lyd og bilete saman med andre.

Dersom du finn at lyd og bilete ikkje fungerer tilfredsstillande, må du rette opp eventuelle feil. Du kan bruke denne feilsøkingsguiden til hjelp.