Sist oppdatert

Opprette rom i Adobe Connect

Du kan opprette både klasserom, grupperom og møterom i Adobe. Klasserommet vert nytta til synkron undervisning, mens grupperommet er studentane sine eigne rom, der dei kan møte kvarandre i studiegrupper når som helst. Det er lurt at du som faglærar oppretter grupperom for studentane, då vil dei ha ein fast møteplass gjennom heile studieåret. Grupperommet bør du opprette i god tid før studiestart, då vil studentane ha ein stad der dei kan teste lyd og bilde i førekant av sudiestart. Du kan også opprette møterom i Adobe som ikkje er knytt til rom i Canvas. Det kan vere aktuelt når du skal ha møte med kolleger, rettleie studentar eller liknande.

Opprette klasserom
Opprette grupperom
Opprette møterom

Tilgangstypar

Det er tre ulike roller for deltaking i Adobe Connect: Host, Presenter og Participant. Desse har ulike funksjonar:

  • Host: Har alle tilgangar i rommet.
  • Participant: Har nokre få tilgangar i rommet. Som participant har du moglegheit til å skrive i Chat-poden, lytte til det som vert presentert i møterommet og setje din eigen status. Du vil ikkje ha tilgang til mikrofon eller kamera med mindre ein host gir deg tilgang.
  • Presenter: Har nokre tilgangar i rommet. Som presenter kan du aktivere både mikrofon og webkamera utan at ein host treng å gi deg tilgang. Du kan og dele dokumenter og filer.

Lærarar i emnet blir automatisk host, studentar blir automatisk participants. Du kan endre roller når du vil. I eigne grupperom anbefaler me studentane til å vere hosts.

NB: Når du lagar rom i Adobe er det studentane som er knytt til emnet på akkurat det tidspunktet som vert lagt inn. Kjem det nye studentar til emnet, blir ikkje dei automatisk lagt inn i Adobe.