Sist oppdatert

Pålogging

Det er ein god regel å logge seg på ti minutt før undervisninga startar. Då får du tid til å ta ein kjapp lydsjekk: Vel “Meeting – Audio Setup Wizard” i menyen øverst i rommet. Slå også på førehandsvising av ditt kamerabilete, slik at du får sjekka at kameraet fungerer.

Vi anbefaler at du forblir pålogga heilt til undervisningsøkta er over. Bruk “Step Away” for å markere at du ikkje er til stades dersom du forlet dataskjermen før undervisningsstart og i pausar. Dersom du har aktivert mikrofonen, vil denne automatisk bli muta når du brukar “Step Away”. Trykk på ikonet ein gong til (Step in) for å vise at du er tilbake.

  1. Opne ein nettlesar. Vi anbefaler Edge eller Google Chrome, då desse nettlesarane er kompatible med Adobe Connect.
  2. Logg inn i Canvas med Feide brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har Feide-pålogging til HVL, må du logge på nettrom via URL eller Adobe Connect-appen.
  3. Gå inn i det aktuelle emnet, og klikk på “Adobe Connect” i navigasjonsmenyen til venstre. (Merk at det kan ta litt tid å laste inn denne sida.)
  4. Du kan finne nettklasserom under fana “Course Meetings”. Trykk på “Join” (til høgre for namnet på rommet), for å logge inn.  Sidan du alt er innlogga i Canvas, treng du ikkje oppgje brukarnam og passord på nytt.
  5. Nettklasserommet skal no bli opna i Adobe Connect-appen. I Google Chrome vil dette skje automatisk. Dersom du nyttar nettlesaren Edge vil du få spørsmål om du meinte å bytte appar. Svar ja til dette.

Dersom det ikkje finst noko nettklasserom i det aktuelle emnet, så kan du opprette eit rom.

Dersom du har fått tilsendt ein URL til eit nettrom via epost (eller eit anna meldingssystem), kan du logge inn på denne måten:

  1. Vi anbefaler nettlesarane Edge eller Google Chrome, då desse er kompatible med Adobe Connect.
    Dersom du brukar ein av desse som standard nettlesar: Klikk på lenka (URL’en).
    Ellers: Kopier URL’en og lim den inn i adressefeltet i ein av nettlesarane Edge eller Google Chrome.
  2. Vel “Enter with your login and password” og klikk på “Login Feide”.
  3. Vel tilhøyrigheit Høgskulen på Vestlandet, fyll inn ditt Feide brukarnam og passord, og klikk på “Logg inn”.
  4. Nettklasserommet skal no bli opna i Adobe Connect-appen. I Google Chrome vil dette skje automatisk. Dersom du nyttar nettlesaren Edge vil du få spørsmål om du meinte å bytte appar. Svar ja til dette.

Dersom du ikkje har Feide-pålogging til Høgskulen på Vestlandet, kan du logge på som gjest:
I staden for punkta 2 og 3,  vel “Enter as a Guest”, skriv inn namnet ditt, og trykk på “Enter room”.

  1. Opne Adobe Connect-appen. (Når du har installert Adobe Connect application, kan du finne den i start-menyen.)
  2. Første gong du loggar inn i eit nytt rom via appen, må du lime inn ein URL (ei lenke) til nettrommet. URL’en kan du ha fått tilsendt, eller du kan kopiere den frå eit rom der du har tilgang til å redigere. Lim inn lenka og trykk på “Continue”.
  3. Vel “Enter with your login and password” og trykk på “Login Feide”.
  4. Vel tilhøyrigheit Høgskulen på Vestlandet, fyll inn ditt brukarnamn og passord og trykk på “Logg inn”.

Dersom du ikkje har Feide-pålogging til Høgskulen på Vestlandet, kan du logge på som gjest:
I staden for punkta 3 og 4,  vel “Enter as a Guest”, skriv inn namnet ditt, og trykk på “Enter room”.

Etter at du har logga inn i eit nettrom via Adobe Connect-appen, vil appen huske adressa til rommet. Neste gang du opnar appen, vil du få opp ei liste over dine nettrom til høgre i vindauget. Før musepeikaren over det rommet du vil inn i, og trykk på raketten for å logge inn.

Så lenge du er innlogga i Adobe Connect-appen, kan du også logge inn i andre nettrom via appen utan å måtte legge inn brukarnamn og passord på nytt. Dersom du vil bruke annan påloggingsinformasjon, må du først logge ut av appen. Logg ut ved å trykke på “Logout” oppe til høgre i vindauget.