Sist oppdatert

Krav til utstyr

Har du det utstyret du treng for å kunne gjennomføre nettsamlinga på ein god måte?

Du kan bruke alle HVL sine standard datamaskiner til nettundervisning.

Dersom du vil bruke ei anna datamaskin, berbar eller stasjonær, kan du ta kontakt med IT-avdelinga.

Du bør bruke eit webkamera med usb-kobling. Dersom du ikkje har eit slikt kamera, kan du ta kontakt med IT-avdelinga.

Bærbare datamaskiner har ofte innebygde webkamera. Sjølv om du har eit innebygd kamera, vil vi anbefale at du brukar frittståande kamera i nettundervisinga – både til nettsamling og ressursforelesing. Dette fordi frittståande webkamera kan brukast meir fleksibelt, og ofte gir betre bildekvalitet.

Det er svært viktig at lydkvaliteten i undervisinga er god. Du treng difor ein god mikrofon. Den bør være av USB-type, då dette gir best lydkvalitet.

Vi anbefaler at du brukar ein av følgjande:

  • Headset med mikrofon. (Har du Apple-produkt kan du nytta Apple sine hovudtelefonar via jack.)
  • Bordtelefon med ekkokansellering. Då treng du også ein høgtalar, enten innebygd eller frittståande.

Dersom du treng eit headset til din kontorplass, kan du ta kontakt med IT-avdelinga.

Bordtelefon er ofte tilgjengeleg i møterom og multimedierom.

Lyd via innbygde mikrofonar i kamera eller pc gjev svak lydkvalitet og kan medføre ekko for andre deltakarar i nettrommet. Slike mikrofonar bør ikkje nyttast.

Du kan bruke ein av HVL sine standard skjermar når du skal gjennomføre nettundervising.

Dersom du ynskjer å bruke ein annan skjerm, til dømes på berbar pc, anbefaler vi at du brukar ein skjerm som er minst 13 tommar stor. Dette for å oppnå god lesbarheit.

Erfaring viser at det kan vere gunstig å bruke to skjermar. Dette gjer det lettare å dele innhald frå skjemen, og samtidig ha oversikt over kommunikasjon i nettrommet. Har du kun ein skjerm tilgjengeleg på kontoret? Ta kontakt med IT-hjelp så ordnar dei det.

For å unngå unødige pausar/ventetid for studentane, anbefaler vi at mest mogeleg av dine presentasjonar er gjort klare før du startar nettundervisinga. Det kan likevel oppstå situasjonar der det er gunstig å kunne ta i bruk ei digital tavle.

Vi skal her forstå uttrykket “digital tavle” som ei digital flate, der du kan notere og teikne det du måtte ønske, slik at du kan formidle din bodskap best mogeleg.  Tekstbehandlingsprogram fungerer fint som digital tavle i denne samanhengen. Du kan velje fritt mellom dei tekstbehandlingsprogram som er tilgjengeleg for deg. Som døme kan vi nemne Whiteboard i Adobe Connect, Word, Powerpoint, Google docs eller SMART Notebook. Både Whiteboard i Adobe Connect og Powerpoint kan nyttast som tavler inne i sjølve nettrommet (Adobe Connect). Dei andre kan du vise fram ved å dele skjermen din.

Som skriveredskap til den digitale tavla, kan du bruke tastatur og/eller datamus.
Dersom du er avhengig av å kunne skrive formlar og/eller teikne figurar, kan du i tillegg ha nytte av verktøy som:

  • penn, papir og dokumentkamera
  • ekstra pc med touch-screen og digital penn (t.d. Lenovo Yoga)
  • SMART Podium

Dokumentkamera og pc med touch-screen er ekstrautstyr, som du ikkje utan vidare har krav på.

SMART Podium er tilgjengeleg i multimedierom på enkelte Campus.

For å få eit stabilt bilete og god lydkvalitet er det viktig at du har stabil nettforbindelse.

Nettforbindelsen ved HVL sine Campus fungerer godt.

Dersom du underviser frå andre lokasjonar, må du sjekke at du har god nok nettforbindelse. Forbindelsen må ha lav grad av pakkeforsinking (<50Ms). Du må ha minimun 5Mbps hastigheit nedlasting, og 0,5 Mbps opplasting (Telenor Breiband 5 eller tilsvarande).

Vi anbefaler at du ikkje held nettsamlingar over trådlaust nett, men at du brukar kabla nettforbindelse mellom datamaskin og router.

Vi anbefaler nettlesarane Edge og Chrome, då desse er kompatible med Adobe Connect.

Firefox og Internett explorer har (for tida) dårleg kompatibilitet med Adobe Connect, og vert ikkje anbefalt.

Du må ha siste versjon av nettlesaren installert. Sjekk din nettlesar her.

Dersom du treng å installere eller oppdatere nettlesarar på datamaskiner knytt til Høgskulen på Vestlandet, skal du gå til Programvaresenteret. Du kan finne Programvaresenteret i start-menyen.