Sist oppdatert

Under nettsamlinga

Maskina di skal no vere klar, og du kan gå i gang med undervising. Du bør logge deg på nettklasserommet ca. 15-20 minutter før udervisinga startar for å sjekke lyd og bilete.

Både tilsette og studentar kan gjere opptak i rom dei er host i. Opptaka kan nyttast som repetisjon for studentar, som innlevering av arbeidskrav eller for å ta opp møter.

For å starte eit opptak, trykk på “Meeting”, så på “Record Meeting”.

Gi opptaket ditt ein namn, gjerne med dato, t.d. Matematikkundervising 01.01.2020.

Du vil få ein beskjed om at opptaket startar, og det vil lyse rødt øvst i høgre hjørne så lenge du har på opptak. Slik vil alle deltakarane vite at møtet vert tatt opp.

For å pause opptaket når de tek pause i undervisinga, trykkar du på “Meeting” –> “Pause Recording”. For å stoppe opptaket, trykkar du på “Meeting” –> “Stop Recording”.

Ein faktor som kan gjere at studentane føler at dei bli sett over nett, er om du loggar deg på i undervisingsrommet 15-20 minutter før start. Du kan nytte tida til å prate med dei som er til stades, eller vise at du er open for å ta imot spørsmål. Du kan og leggje ut lydfiler i Adoberommet, slik at studentane har ventemusikk før undervisinga startar. På den måten vil dei ikkje vere usikre på om det skjer noko i rommet eller ikkje. Dette kan fjerne usikkerheit ved første nettsamling.

Når samlinga startar bør du ønske alle studentane velkomne til nettsamlinga, og gå gjennom planen for økta. Mange studentar liker å vite kva som er forventa av dei den aktuelle økta. Ein forvetningsavklaring ved starten av eit semester og starten av ei økt kan vere lurt. Her kan de avklare ting som:

  • Skal studentane ha på kamera i nettklasserommet eller berre i eigne grupperom?
  • Skal studentane ha moglegheit til å ha på mikrofon i nettklasserommet, eller berre i eigne grupperom?
  • Kva ønsker faglærar av studentane når det kjem til aktiv deltaking under ei samling?

Dersom studentane veit om desse forvetningane i førekant, vil det vere lettare for faglærar og studentar å samarbeide under ei nettsamling.

Nettundervising er annleis enn vanleg klasseromsundervising, og vi anbefaler difor ikkje at du nytter same opplegg båe stader. Vi vil fraråde at læraren har ein typisk førelesing der ein pratar i 45 minutter i strekk. Ein god regel er å prate i maksimalt 10 minutter før du introduserer ei eller anna form for studentaktivitet.

Her er nokre tips du kan nytte for å gjere undervisinga på nett meir interaktiv:

  • Når du presenterer fagstoff kan du gjere chattefeltet relativt lite, slik viser du kva som er i fokus.
  • Ta ein pause etter 5-10 minutter med presentasjon. Du kan no byte layout så presentasjonen blir mindre synleg, mens chattefeltet (eller andre kommunikasjonskanalar) vert meir tydelege, slik viser ein at det er studentaktivitet som no er i fokus. Studentane kan stille spørsmål og legge igjen kommentarar. Ulike layouts kan du klargjere på førehand.
  • Du kan gjerne avslutte kvar korte økt med eit utfordrande spørsmål eller ein påstand for å stimulere til diskusjon.
  • Om du vil ha tilbakemelding på noe heilt spesifikt, kan det vere lurt å lage ein poll i staden for å nytte chattefeltet. Det kan vere lettare for studentane å svare på eit konkret spørsmål enn eit ope spørsmål. I tillegg vil studentane vere anonyme i ein poll, i motsetnad til chattefeltet.
  • Dersom du nyttar ein poll, kan det vere lurt ikkje å publisere (broadcaste) svara med ein gong. Då kan ein risikere at studentane følgjer strømmen og svarer det andre har svart før. Vent med å publisere svara til alle har svart.

Henta frå Effective weinars: https://effectivewebinars.wordpress.com/

Over anbefalte vi at den faglege presentasjonen ikkje varer i meir enn 10 minutter, og at du bør leggje inn studentaktivitet mellom kvar korte økt. Her er nokre tips til korleis du kan legge til rette for interaktivitet:

  • Før og under undervising kan du bruke polls for å spørje studentane t.d. om kva dei vil lære under økta, kva forventningar dei har, eller rett og slett korleis dei har det.
  • Svar på alle spørsmål eller kommentarar så snart som mogleg, då vil studentane føle at dei blir sett og høyrt.
  • Still spørsmål hyppig og be om svar i chatten. Still spørsmål du faktisk ynskjer svar på, ikkje kontrollspørsmål for å sjekke om studentane følger med.
  • Du kan nytte Whiteboarden som ligg i Adobe Connect til t.d. idémyldring.
  • Eksperimenter med andre samarbeidsverktøy, som t.d. Google Docs, Office 365, Padlet m.m. Ved å nytte slike verktøy undervegs (t.d. til å ta notatar på) vil studentane ha tilgang til det dei har gjort etter økta er ferdig.
  • Det kan vere gunstig å vere to personar i undervisinga. Då har du nokon å ha ein dialog med, og studentane får meir variasjon i å høyre på to personar enn på ein.
  • Mange liker å inkludere video i sin undervising, ofte fordi dei er meir profesjonelle og forseggjord enn presentasjonen live. Ein kort video kan tilføre ein ekstra dimensjon, men før du legger inn ein video, hugs på:
    • Studentane kan sjå videoen når som helst. Dei har møtt opp på undervising for å høyre og kommunisere med deg.
    • Opplasting av video kan føre til forsinkingar over nettet, det kan hende det vert krøll hos nokre av deltakarane.
    • Det kan vere nyttig å nytte nettundervisinga til å prate med studentane og tilby moglegheiter for samarbeid. Om du har ein video som er viktig for studentane, kan du be dei sjå den i førekant.

Tips henta frå Effective webinars: https://effectivewebinars.wordpress.com/