Sist oppdatert

Å lage eit møte

Når du skal arrangere eit møte, kan du anten kalle inn via Outlook eller via Zoom-appen.

For å kalle inn til møte via Outlook, har du to alternativ.

  1. Du kan starte eit møte med ein gong ved å klikke på “Start instant meeting” øvst på verktylina i Outlook. Då vil du opprette eit møterom, og kan kalle inn dei du ynskjer.
  2. Du kan planleggje eit møte i framtida. Du trykker då på “Schedule a meeting”. Du vil få opp ein dialogboks der du set møtedato og – tidspunkt. Når du har sett instillingane dine, genererer Zoom ei lenkje som vert sendt ut til deltakarane. Deltakarane trykkjer på lenka, og vil kome rett inn i møtet.

Du kan òg kalle inn til møte i appen.

Sette passord på eit møte som er oppretta i Outlook

Opne møtet i Outlook, trykk på «Change settings».

Change Settings-knappen i Outlook

Marker at deltaking i møtet krever passord og velg “Continue”.

Viser korleis kreve passord for zoom-møte

Når du har gjort det, kan du sende oppdatering.

Knappen sende oppdatering i Outlook