Sist oppdatert

Å undervise på nett via Zoom

Når du skal ha undervising i Zoom i eit emne, går du inn via Canvas for å opprette eit møterom via Canvasemnet.

Trykk på emnet du skal ha undervising i, og vel Zoom i venstre marg. Vel so Schedule a meeting.

Her vel du tidspunkt for møtet, og kor lenge det skal vare. Me anbefalar å setje møtetidspunktet eit kvarter før undervisingsstart, slik at faglærar og studentar har moglegheit til å gjere seg kjent i klasserommet før undervising.

Merk: Deltakarane vil få varsel om at møtet starter på tidspunktet du vel som oppstart, ver merksam på å gje studentane beskjed om oppstartstidspunkt.

Det er viktig at du gir møtet eit tydeleg namn. Eit tydeleg namn gjer det enklare for studentane dine å navigere i emnet.

Du finn alle møtene dine for emnet under Upcoming Meetings.

Du kan lage gjentakande møter. Gjentakande møter kan vere lurt om du har undervisinng på same tidspunkt kvar veke. For å lage gjentakande møter, klikker du på boksen “Recurring meeting” når du opprettar eit møte. Du kan då lage daglege, vekentlege eller månadlege møter. Du kan endre instillingane for møtet så mange gonger du vil.

Du kan få oversikt over kven som har deltatt på eit nettmøte du har arrangert. Dette kan for eksempel brukast om du har undervising med obligatorisk oppmøte. For å kunne ta ut deltakarliste i etterkant av eit møte, klikkar du på boksen “Required” under “Registration” når du opprettar eit møte. Deltakarane må då registrere seg i det dei går inn i møtet dersom dei ikkje er pålogga via Feide. Les meir om dette her: Oppmøteregistrering (USN)

Skjermbiletet viser avkryssa boks for registration required

Når du lagar eit møte er det viktig at du set dei rette instillingane. Sjå på bilete til høgre, og vel dei same innstillingane.

  • I boksen for Video, vel du Host og Participant ON.
  • I boksen for Audio vel du Both.
  • I boksen Meeting Options hukar du av for Enable join before host. Då får ikkje møtedeltakarane dine kome inn i møtet før du er der.

Du kan òg leggje til fleire vertar (hosts) på eit møte. Dette kan vere lurt om det er fleire som skal undervise i same kurs. For å leggje til nye vertar, skriv du inn epostadresse til vertane under Alternativ Hosts (markert i raudt på bilete). Viss du legg til alle faglærarane som skal inn på eit emne, treng ikkje dei å lage eigne undervisingsrom.

For å starte eit møte, klikkar du på start-knappen ved siden av møterommet i Canvas.

Det er berre den som har oppretta møtet som kan slette det. For å slette eit møte, følger du denne oppskrifta:

  • Trykk på Upcoming Meeting. Klikk deretter på Delete-knappen ved siden av møtet.
  • Trykk OK på pop-up-boksen som kjem for å bekrefte at møtet vert sletta.

No blir møtet sletta og det vert sendt ein melding til alle deltakarar om at møtet er sletta.

Du kan òg lage eit personleg møte i Canvas. Du klikkar på knappen Personal Meeting Room. Her kan du anten invitere deltakarar i Outlook, eller gje dei lenkja (URL) til møtet.

NB! Lenkja du deler må innehalde ein j (join) for at den skal fungere for deltakarane: https://hvl.zoom.us/j/XXXXXXXXXX
Som vert får du òg tilgang via ei lenkje med s (start), men denne lenkja vil ikkje fungere for deltakarane dine https://hvl.zoom.us/s/XXXXXXXXXX

For å starte møtet, trykker du på Start eller Join.

Klikk på Åpne Zoom Meetings. Då vil møtet opne seg i Zoomappen.

Vel Join with computer audio.

Du er no inne i Zoomrommet. Her kan du styre lyd og bilete, samt dele skjermen din med studentane.

For å vise studentane presentasjonen din, klikkar du på Share Screen. Her vel du kva du vil dele med deltakarane.

Når du deler skjermen din vil du få opp denne verktøylina. Her kan du administrere t.d. polls, chat og breakout rooms.

Heilt til høgre finn du knappen More, her kan du administrere andre sider ved undervisinga.

Dersom du ønsker å ta opptak av undervisinga, velger du her “Record”. Sidan eit opptak tar stor plass og jobb-pc’en din gjerne har begrensa lagringskapasitet blir alle opptak no lagra på C:\Arbeid. Dette området er utanfor det som blir tatt backup av, difor er det svært viktig at du raskt får flytta opptaket over til Kaltura eller liknande.