Undervisning i Adobe Connect

No har du gjort alle førebuingane og er klar til å starte undervisning i Adobe Connect. Dersom det er første gongen studentane har nettundervisning, der det lurt å ta ein gjennomgang av dei viktigaste funksjonane i Adobe Connect med studentane. Vi legg ut her ein presentasjon som du kan bruke som utgangspunkt for ein kort gjennomgang med studentane. Viss du er nybegynnar i Adobe Connect, kan du kanskje spørje nokon som er røynde om å ta den første innføringa med dei. Vi legg også ut filmar og klipp med instruksjonar om ymse tema i Adobe Connect og håper du vil ha nytte av dei!

Struktur i Fronter – Nettundervisning

Det er viktig at studentane kjenner igjen strukturen i Fronter. I dokumentet under finn du korleis vi har strukturert Fronter for studentar som har både nettundervisning og samlingar på studiestaden. Denne strukturen har vi opplevd fungerer godt og de må gjerne bruke den, de også!

Støttefunksjon når du skal undervise

Etter at du har klargjort maskina for Adobe Connect, er du klar til å begynne å teste ut ulike undervisningsformar. Du finn fleire gode tips  her på nettsidene.

Når du skal gjennomføre undervisning i Adobe Connect for første gong, er det lurt å få hjelp til å planlegge korleis du skal legge opp undervisninga. Dei fleste seksjonane har no ein eller fleire fagtilsette som har gjennomført opplæring og undervisning i Adobe Connect. Ta kontakt med faggruppeleiaren din og spør kven du kan be om hjelp oss. I tillegg kan du ta kontakt med David Parmentier, så kan enten han eller nokon av dei andre ressurspersonane på Adobe Connect, hjelpe deg i gong . Send ein e-post til David Parmentier og skriv når du skal ha undervisning, kva type undervisning du skal ha og kva du treng hjelp til. Dette må gjerast i god tid, minst 3 veker før du skal ha undervisning, då dei som kan hjelpe ikkje alltid er tilgjengeleg på kort varsel.

Helpdesk v/ David kan også tilby teknisk bakvakt dei første gongane du har undervisning dersom du ikkje får hjelp til dette frå seksjonen din. Uninett har laga ei eige nettside med brukarrettleiing, sjå lenkje under. Du finn mykje tips der viss du er noko røynd i Adobe Connect og vil litt vidare.

Adobe Connect – Nettside for brukerveiledning

HELPDESKDavid Parmentier, rådgjevar IT
telefon: 57 67 61 31
mobil: 975 24 840

Sett på og behandle opptak

Å ha nettundervisning i Adobe Connect gir oss ein unik muligheit til å gjere opptak av undervisninga slik at studentane kan bruke det til å gå gjennom vanskeleg lærestoff på nytt eller til repetisjon seinare. Ein kan også bruke programmet til å gjøre opptak av ei læringsøkt eller ei førelesning som ein vil leggje ut til studentane.

Bortafor finn du ein video som viser korleis du finn fram opptak av nettundervisninga di. Filmen viser også korleis du kan redigere opptaket. Redigering er avgrensa til å klippe vekk deler av opptaket, t.d. pausar og utanomsnakk som ikkje treng vere med. Du kan også sjå korleis du kan avgrense tida opptaket er tilgjengeleg.

Video

Praktisk gjennomføring

Det er viktig med god planlegging dersom ein skal få til ei god gjennomføring av munnleg eksamen i Adobe Connect. Snakk med studentane om dette i god tid før eksamen. Våre studentar var enten berre nettstudentar, Rekning i alle fag, eller ein kombinasjon av samling i Oslo og nettundervisning, GLU 1-7 deltid. Dersom studentane ikkje ønska eksamen i Adobe Connect, kunne dei komme til Sogndal for munnleg eksamen. Alle studentane i GLU 1-7 valte netteksamen. I Rekning i alle fag valte dei som budde nærast, å kome til Sogndal for eksamen.

Nedanfor har vi laga ei skjematisk oversikt over korleis eksamen blei presentert for studentane ein måned før munnleg eksamen. Vi vil kome attende med fleire råd og lure tips når vi har fått utarbeida disse.

Opprette nytt rom i AC

Vanligvis brukar eit fag same rom til undervisning sjølv om det er fleire lærarar som skal ha nettundervisning. Rommet finn du vanligvis lenkje til i Fronter. Dersom du har bruk for å opprette eit nytt undervisningsrom eller møterom, kan du følgje instruksen i filmen ved sida av.

Dersom studentane ønsker å lage seg eit rom for samhandling, kan du legge ut denne lenkja som viser korleis dei kan gjere det. Du kan også bruke denne framgangsmåten dersom du vil lage eit rom som ikkje skal brukast til undervisning.

Video

Nettundervisningsrom i Fronter

For at vi skal vere sikre på at studentane skal finne fram til nettundervisningsrommet dei skal møte opp i, er det viktig at vi legg ut lenkje til rommet på ein plass i Fronter-rommet som er lett å finne for studentane. Vi har god erfaring i å legge ut lenkje under Omtale på framsida, sjå korleis du gjer det i dokumentet under her:

Host, finna opptak, deltakarliste og poll

Det er fleire måtar du kan leggja til nye personar som Host. Den enklaste måten er å logga seg på i Adobe-rommet, i toppmenyen finner du Meeting > Manage Meeting Information. Då kjem du rett inn i heimesida til akkurat det nettrommet og kan gjere endringar der.

Treng du meir instruksjon, finn du det i dette dokumentet:

Her finn du også kort om korleis du kan finne fram opptak, frammøtelister og resultat av spørjeundersøkingar (Poll) du har gjennomført i Adobe Connect.

Laste opp og vise film i Adobe Connect

Her er ein video laga av Jeff Giddens som viser korleis du kan laste opp og vise film i Adobe Connect.

Video

Lag arkiv i Adobe Connect – My Content

Eivind Rogne skal i denne videoen vise deg hvordan du kan lage ditt eget bibliotek Adobe Connect. Dette kan både være praktisk og sikkert med tanke på egen undervisning. Praktisk fordi du vet hvor du har aktuelt undervisningsstoff som kanskje skal brukes flere ganger mot ulike studentgrupper. Sikkert fordi du gjennom denne måten har en bedre kontroll med hvem som får tilgang til og kan bruke ditt undervisningsstoff seinere.

Video

Eksamen i Adobe Connect

Matematikkseksjonen har sidan våren 2015 gjennomført munnleg eksamen i Adobe Connect, der studenten skal bruke eigen maskin med kamera og lyd og kan gjerne sitte heime dersom internett fungerer godt. Eksaminator og sensor sit på eigne kontor. Første gongen vi gjennomførte ein munnleg eksamen slik, var i kurset Rekning i alle fag, eit tilbod i Kompetanse for kvalitet, der Jon Henjum var fagansvarleg. Då fikk studentane velje om dei ville møte i Sogndal for munnleg eksamen eller ta den via Adobe Connect. 8 kandidatar valde å gjennomføre eksamen i Adobe Connect.  Hausten 2015 gjennomførte vi i munnleg gruppeeksamen i deltid og samlingsbasert Grunnskulelærarutdanning der 29 kandidatar i grupper på to og to gjennomførte munnleg eksamen i Matematikk 1 del 1. Studentane og dei fagtilsette var alle veldig fornøgd med denne formen på eksamen og gjennomførte også den munnlege eksamen med same gruppa våren 2016.

Våren 2016 fikk ei gruppe frå matematikkseksjonen, Jon Henjum, Anne Norstein, Helene Hauge og Bente Sollid, såkornmidlar frå Digital kompetanse-prosjektet ved HiSF til å utvikle Handbok for munnleg eksamen i Adobe Connect. Her på nettsida vil du finne tips og dokument som du kan bruke som utgangspunkt dersom du ønsker å finne ut meir om dette. Ta gjerne kontakt med ein av oss i prosjektgruppa viss du har spørsmål!

Organisering av undervisning ved HiSF

Mange av utdanningane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er organiserte etter prinsipp om blanda læring. I det ligg det at læringsløpet er samansett av fleire ulike element som skal verke saman. Nokre av desse elementa er knytte til IKT-teknologi, så det er nødvendig å ha PC/datamaskin og linjetilgang av ein viss kvalitet når ein skal ta desse utdanningane.

Tradisjonell undervisning på høgskule- og universitetsnivå har tidlegare gjerne vorte oppfatta som førelesingar i store grupper, eventuelt kombinert med arbeid i mindre grupper og oppgåveskriving. Etter kvart har vi fått kurs som er meir samlingsbaserte, studentane møter t.d. på samling ein gong i månaden. Dette gjer det mogleg å studere for mange nye grupper, t.d. småbarnsforeldre, personar som er i arbeid, personar som ikkje kan flytte langt heimefrå osv.

Dette grev då nye måtar å organisere utdanningane på. Det må skje noko mellom kvar gong ein møtest til samlingar på campus. Vi vil no gje ei innføring i slike modellar, kva som er prinsippa, kva pedagogikk som ligg bak, kva ein må passe på og kva ein må vere førebudd på når ein byrjar på ei utdanning som byggjer på prinsippa om blanda læring.

Skjematisk kan vi framstille tradisjonell undervisning slik:

I blanda undervisning får vi inn fleire element i læringsprosessen. Ei slik organisering byggjer gjerne på eit prinsipp om studentaktive læringsformer, der studentane blir aktivisert i læringsprosessen.  Vi kan framstille dette slik:

tradisjonell-undervisning

I blanda undervisning får vi inn fleire element i læringsprosessen. Ei slik organisering byggjer gjerne på eit prinsipp om studentaktive læringsformer, der studentane blir aktivisert i læringsprosessen.  Vi kan framstille dette slik:

skisse-til-ein-blanda-pedagogikk

Nokre av desse elementa er kjende, slik som førelesing og oppgåveskriving, andre er meir ukjende, slik som  LMS og Nettmøteverktøy.

LMS (learning management system, nettbasert pedagogisk støttesystem) er ein nettstad som er utvikla og tilrettelagt for undervisning og læring. Dei mest vanlege i Noreg er Fronter og It’s learning. HiSF nyttar Fronter. Det andre elementet er det som blir kalla nettmøteverktøy. Det finst fleire typar slike. Ei enklare form for slike er Skype og Lync. Høgskulen nyttar verktøyet Adobe Connect.Dette er eit undervisningsverktøy som gjerne blir nytta i sanntid. Det vil seie at alle må vere til stades samstundes. Det er eit verktøy som kan kombinere lyd, bilete og tekst.

  • Læraren underviser. Studentane kan sjå læraren, han kan sjå dei, dei kan stille spørsmål
  • Læraren legg ut disposisjon eller anna stoff ti undervisninga
  • Læraren kan dele studentane inn i grupper som så diskuterer og deretter kjem saman att i klasserommet

Fyrste gongen de skal bruke Adobe Connect, er det ein del justeringar og innstillingar de må gjere. Vi har laga ein del korte instruksjonsvideoar om korleis de skal gjere dette.

Adobe Connect er eit relativt avansert verktøy som krev ein viss maskinkapasitet og linjekapasitet. Du vil få nærare beskjed om dette. Studentane vil gjerne sitje sitje heime ein og ein, og de brukar dykkar eigne maskiner her. Sidan det er innstillingar som må gjerast på maskina, er det ein fordel at du bruker same maskina heile tida.

Chat, Notes, Poll og Whiteboard

Her er en lenke til en god og kort (6 min 47 sek) forklaring om bruk av spørreundersøkelsesverktøyet i Connect (på engelsk):

Breakout rooms

Ein av dei mange muligheitene til studentaktiv læring som du finn i Adobe Connect, er bruk av Breakout rooms. her kan du dele inn studentane i mindre grupper og sende dei ut i grupperom der dei får tilgang til mikrofon og kamera og kan diskutere med kvarandre. Nedanfor finn du ein veldig lærerik video om korleis bruke Breakout rooms. Den er på engelsk, men er grei å forstå!

Her har vi laga ein video om korleis du finn fram notatar frå Breakout room når studentane skal oppsummere etterpå.